Eg kjøpte rullar med gips på apoteket og fekk gipse min kollega her om dagen. Det var spennande og prøve ut dette. Først smurte eg inn handa hennar med vaselin, og så gjekk eg i gang med gipsen. Den klippte eg opp i passelege remser, duppa i vatn og la på handa hennar. Det var spennande å stryke det utover og sjå kor du kunne forme det etter handa. Eg merka at det var nok å duppe den ned i vatnet og så legge på. Dersom den vart altfor våt vart den vanskelegare å jobbe med. Eg la på to lag, og så var det berre å vente på at den skulle tørke.
Det tok ikkje lange tida før den var tørr og den verkelege utfordringa stod igjen....... Korleis få den av igjen????
Det vart litt problematisk, for gisen hengde seg opp i ringen hennar(som vi hadde gløymt å ta av). Vi klippte opp ein del og så fekk vi den av. Heilt til slutt lappa eg den igjen med litt gips.
Her ser vi det eg brukte: Vaselin, gipsrull og vatn :0)
Slik såg det ut når det var vått og "grisete"..
Litt problemer med og få den av !
Men til slutt blei det jo ein fin hanske, eller??
Dette trur eg absolutt er noko som kan vere spennande for dei største barna i barnehagen. Eg trur nok dei vil like å "grise" med og forme gipsen. Neste gong skal eg prøve ut dette i lag med barna. Kanskje dei kan få legge gipsen utanpå ei isoporkjegle??
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar