Eg tenkjer at dette er eit materiale som kan vere interessant for barna å prøve seg på. Her får dei utvikle den taktile sans (følesansen) når dei får forme gipsen. Her kan dei kjenne at gipsen er varm, klissete og våt når dei arbeider med den. Så kan dei få kjenne på den etter at den er stivna/tørka, og då er den blitt kald og hard.
Gips er eit 3 dimmensjonalt materiale. For å kunne uttrykkje seg er viktig å mestre media(Carlsen og Samuelsen,1988). Her tenkjer eg at barna må få erfaringar med gipsen før dei kan begynne og skape og uttrykkje seg sjølve(og her tenkjer eg på dei største barna i barnehagen).
Eg trur nok ikkje at gips er det materiale som er enklast for barna å jobbe med, og skape noko av. Kan hende dei hadde fått "friare tøylar" om dei skulle jobba med plastelina eller leire, men eg synest det var moro å la barna bli kjende med eit nytt materiale. For dei barna som er "redde" for å grise seg til, kan det gips vere noko å øve seg på. Det er behageleg og varmt når ein jobbar med det, og det er lett å vaske det av igjen.
Det var viktig for meg at eg ikkje sa til barna kva vi skulle lage, men at dei sjølve fekk bestemme kva dei hadde laga. Dei fekk assiasjonar til ei blånissehue, så det blei det endelege produktet deira....
Når dei har laga eit produkt i gips kan dei bruke fantasien sin til å dekorere, måle eller pynte det dei har laga!!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar