lørdag 26. februar 2011

Heilmaske!

Mendan vi var i siget og hadde grisa til "Bente" fekk eg lokka ho til å ta ei heiltmaske også. "Bente" er svært sporty og lot seg villig gipse ein gong til. Denne gonge valgte vi å gjere det uten tilskodera! (det var nok lurt, for eg kjende på at dette var litt "skummelt")

Vi gjorde det på same måte som sist, men no var det kun nasa som var fri. Eg la to lag denne gongen også. Eg kjende på at det var litt skummelt å dekke både auga og munnen, men "Bente" gjorde teikn til at alt var fint. Mendan vi venta på at maska skulle stivne tenkte eg på at det var nokon lange minutt (eg trur nok at eg hadde fått klaustrofobi om det var eg som skulle hatt den på). Men "Bente" takla dette heilt fint!

Då vi skulle ta maska av hang den litt i augebryna, så "Bente" fekk seg ein gratistime med augebryn-napping ;0)  Eg gjorde som sist, og la eit tredje lag på maska og prøvde å glatte den meste mogleg ut.
Eg må takke "Bente" som var så sporty og lot seg gipse...Supert!

         Nokon lange minutt medan venta på at gipsen skulle stivne...


       Her er maska ferdig. Som dåkke ser klarar eg ikkje å få den glatt. Tar imot tips med takk!

1 kommentar:

  1. Sååååå flink du e. Du har jo komt langt på veg allt! Da e lenge sia eg har laga sånne, men eg meina at den blei glatt når ein hadde nåkre lag og jobba godt med vatten på da siste laget. Men detta spørsmålet kan du sikkert stilla inne på fronter på formingsforaet....... Kanskje du får svar...... Lukka te vidare.

    SvarSlett