lørdag 26. februar 2011

Heilmaske!

Mendan vi var i siget og hadde grisa til "Bente" fekk eg lokka ho til å ta ei heiltmaske også. "Bente" er svært sporty og lot seg villig gipse ein gong til. Denne gonge valgte vi å gjere det uten tilskodera! (det var nok lurt, for eg kjende på at dette var litt "skummelt")

Vi gjorde det på same måte som sist, men no var det kun nasa som var fri. Eg la to lag denne gongen også. Eg kjende på at det var litt skummelt å dekke både auga og munnen, men "Bente" gjorde teikn til at alt var fint. Mendan vi venta på at maska skulle stivne tenkte eg på at det var nokon lange minutt (eg trur nok at eg hadde fått klaustrofobi om det var eg som skulle hatt den på). Men "Bente" takla dette heilt fint!

Då vi skulle ta maska av hang den litt i augebryna, så "Bente" fekk seg ein gratistime med augebryn-napping ;0)  Eg gjorde som sist, og la eit tredje lag på maska og prøvde å glatte den meste mogleg ut.
Eg må takke "Bente" som var så sporty og lot seg gipse...Supert!

         Nokon lange minutt medan venta på at gipsen skulle stivne...


       Her er maska ferdig. Som dåkke ser klarar eg ikkje å få den glatt. Tar imot tips med takk!

Fleire utprøvingar!

Eg hadde tenkt å lage ei karnevalsmaske av gips. Her tenkte eg at den største utfordringa blei nok å finne nokon som ville la seg gipse i ansiktet. Men med gode kollegaer var dette intet problem, og vi satte igong med nokon av barna som tilskodera.

Først smurde eg inn ansiktet hennar med mykje vaselin, og så la eg gips utover. Eg ville berre lage ei "lita" maske. Eg valgte å la augene og sjølvsagt nasa vere fri for gips. Nokon av barna tykte at dette var veldig rart, og var redd for at det skulle vere vondt. Men når "Bente" sa at det ikkje var noko ekkelt, tykte barna det var spennande!

Eg la to lag med gips på, og venta i spenning på at den skulle tørke. Skal tru om vi kom til å få den lett av? Gipsen tørka fort, og vi fekk den av uten problemer. Den hang litt på sidene der eg hadde fått med litt hår :0) Vi fekk av maska og eg klippte den til i kantane medan den enno var litt mjuk. Til slutt la eg eit lag til med gips på, slik at den skulle bli litt sterkare..

    Her er vi i gang med å legge gips på min gode medarbeidar "Bente"


     Eg har aldri gjort dette før, så det var svært spennande!


     Så var det berre å vente på at gipsen skulle tørke...


Slik blei resultatet etter at eg hadde lagt på det tredje laget.. Fin syntest eg !

Refleksjonar rundt arbeidet med gips!

Eg tenkjer at dette er eit materiale som kan vere interessant for barna å prøve seg på. Her får dei utvikle den taktile sans (følesansen) når dei får forme gipsen. Her kan dei kjenne at gipsen er varm, klissete og våt når dei arbeider med den. Så kan dei få kjenne på den etter at den er stivna/tørka, og då er den blitt kald og hard.

Gips er eit 3 dimmensjonalt materiale. For å kunne uttrykkje seg er viktig å mestre media(Carlsen og Samuelsen,1988). Her tenkjer eg at barna må få erfaringar med gipsen før dei kan begynne og skape og uttrykkje seg sjølve(og her tenkjer eg på dei største barna i barnehagen).

Eg trur nok ikkje at gips er det materiale som er enklast for barna å jobbe med, og skape noko av. Kan hende dei hadde fått "friare tøylar" om dei skulle jobba med plastelina eller leire, men eg synest det var moro å la barna bli kjende med eit nytt materiale. For dei barna som er "redde" for å grise seg til, kan det gips vere noko å øve seg på. Det er behageleg og varmt når ein jobbar med det, og det er lett å vaske det av igjen.

Det var viktig for meg at eg ikkje sa til barna kva vi skulle lage, men at dei sjølve fekk bestemme kva dei hadde laga. Dei fekk assiasjonar til ei blånissehue, så det blei det endelege produktet deira....

Når dei har laga eit produkt i gips kan dei bruke fantasien sin til å dekorere, måle eller pynte det dei har laga!!!

torsdag 24. februar 2011

Utprøving av gips saman med barna !

I dag tok eg med meg to barn som skulle få prøve seg på å arbeide med gips. Det var ei jente på 6 år og ein gutt på snart 4 år. Eg hadde med to isoporkjegler som vi skulle ha gips utanpå.
Først smurte dei inn kjegla med vaselin, og så duppa dei gips i vatn og la på.

                 Her ser vi at eg held kjegla for hon, medan ho stryk gipsen (litt forsiktig) på..



                                   Her ser vi ein som ikkje er så redd for å grise litt..


..og slik blei den.. Det vart visst ei blånissehue !

Det var ikkje vanskeleg for barna å gjere dette, men det var litt forskjell på korleis dei likte det. Jenta klarte seg fint nesten aleine, men ho var ikkje like glad i å bli grisete. Guten måtte ha litt meir hjelp og støtte, og han tykte det var stor stas å smøre gipsen utover. Han sa det var deilig å grise :0) Då gipsen hadde størkna og vi fekk den ut av kjegla var dei storfornøgde. Dei syntest at det likna på ei blånissehue, så i morgon skal dei få måle den blå om dei vil...

tirsdag 22. februar 2011

Valg av materiale...

Eg har tenkt å lage eit skulpurelt objekt i gips, og har no gjort ei utprøving med dette materiale!

Eg kjøpte rullar med gips på apoteket og fekk gipse min kollega her om dagen. Det var spennande og prøve ut dette. Først smurte eg inn handa hennar med vaselin, og så gjekk eg i gang med gipsen. Den klippte eg opp i passelege remser, duppa i vatn og la på handa hennar. Det var spennande å stryke det utover og sjå kor du kunne forme det etter handa. Eg merka at det var nok å duppe den ned i vatnet og så legge på. Dersom den vart altfor våt vart den vanskelegare å jobbe med. Eg la på to lag, og så var det berre å vente på at den skulle tørke.

Det tok ikkje lange tida før den var tørr og den verkelege utfordringa stod igjen....... Korleis få den av igjen????
Det vart litt problematisk, for gisen hengde seg opp i ringen hennar(som vi hadde gløymt å ta av). Vi klippte opp ein del og så fekk vi den av. Heilt til slutt lappa eg den igjen med litt gips. 


                                       Her ser vi det eg brukte: Vaselin, gipsrull og vatn :0)

Slik såg det ut når det var vått og "grisete"..
                                      

                                                       Litt problemer med og få den av !

Men til slutt blei det jo ein fin hanske, eller??

Dette trur eg absolutt er noko som kan vere spennande for dei største barna i barnehagen. Eg trur nok dei vil like å "grise" med og forme gipsen. Neste gong skal eg prøve ut dette i lag med barna. Kanskje dei kan få legge gipsen utanpå ei isoporkjegle??

mandag 14. februar 2011

Mitt utgangspunkt

No har eg fått til å legge inn bildet som skal vere utganspunkt for mitt arbeid med 3D oppgåva.....

søndag 13. februar 2011

Så går vi igang med 3D oppgåva :0)

I denne oppgåva skal vi fordjupe oss i eit materiale. Vi skal utforske det 3-dimmensjonale og ende opp med eit skulpturelt objekt. Vi skal ta utgangspunkt i nokre bilder vi har fått av Hege, og det skal vere ein synleg link mellom bildet og skulpuren.

Eg har valgt meg bildet av statuen Buddha som eg hadde tenkt å sette inn her, men det fekk eg desverre ikkje til. Eg skal prøve å sette inn bildet ein annen dag!

Vi skal fortsette med bloggen og sketchboka, så her vil eg skrive når eg har prøvd ut noko nytt :0)

lørdag 12. februar 2011

Siste utprøving i 2D...

Her har eg lima eit litt krølla grønt silkepapir oppå motivet mitt. Det vart ikkje heilt bra, for eg hadde  for lite lim på slik at det vart veldig boblete. Deretter målte eg oppå med blekk, og kvit måling på stolpane. Eg brukte kun grått og svart. Men dette vart ikkje noko bra.



Så til slutt tok eg raudt silkepapir og reiv i småbitar, og limte oppå båten... Eg valgte å bruke rødt fordi det er komplimentærfargepar til grønt! Eg synest det vart litt betre no :0)
Men no er det slutt på 2D utprøvingane mine.. Eg kjem nok til å gå for COLLAGE  når eg skal lage A2 bildetet mitt..

Neste gong skal eg kome med litt av tankane mine for 3D oppgåva :0)

Meir kreativitet..

Utgangspunktet her var ordet SYMBOL.... med mange assosiasjonar til (frå alle gruppene). Så her har vi laga eit rom med fleire symbol inni!

Kreativitet...

Onsdag 8. februar jobba vi med kreativitet. Vi var i grupper og fekk utdelt kvar sin farge...Så skulle vi ha ei ìdemyldring på kva vi assosierte med den fargen. Til slutt valge vi ut 2 av orda som vi assosierte med fargen. Desse 2 orda ga vi vidare til neste gruppe.. På lappen vi fekk stod der orda: Pupp og Hav, og her er det vi klarte å skape i plastelina..

Over til inspirasjon i 3D...

Tysdag 7.februar fekk vi ein gledelig overraskelse i formingstimen.. Vi skulle ha Siv Elin (?) i temaet LEIRE. Det vart noken spennande timar der vi skulle lage eit klesplagg som skulle hengast opp på ei snor. Det var moro å jobbe med leire, men det blir nok ikkje det materialet eg kjem til å velge til 3D oppgåva..

Her har eg laga ei snekkerbukse i leire.. Lommane har eg fått til ved å trykke stoff på og kjevle over.