lørdag 30. april 2011

Eg går for GULL !!!!

Har no bestemt meg for å gå for gull på heile maska mi. Etter diverse utprøvingar har eg funne ut kva tråd eg vil bruke og kva lim som var best. Tenkjer at ved å feste tråd og perler på maska brukar eg same teknikken som ved collagrafitrykk....
Har no funne ut korleis eg vil ha skulpturen min. Eg driv no og dekorerar maska mi. Eg har funne ein rørstubb, som eg har lagt gips på. Maska skal henge på den stanga som skal stå i ein naturstein. Steinen har eg også funne... Trur dette skal bli bra til slutt..


Her har eg teikna litt på maska for å sjå kvar eg skulle legge tråden.

Her er eg byrja å lime på.. Det var ein krevande jobb!

Så har eg lakka den i gull. Skal lime på nokre perler i morgon, og gulle den ein gong til...


Her er rørstonga som eg har lagt gips på og så lakka i gull...

Dekoreringa var ikkje så enkel. Måtte tilkalle hjelp, for eg hadde for få hender når eg skulle lime på trådane. Det var heller ikkje så enkelt å få til symmetri. Trøstar meg med at eit ansikt er vel ikkje alltid symmetrisk det heller...

1 kommentar: