Medan vi var i Sogndal samla vi oss ein gjeng på formingsloftet for å jobbe med oppgåvene våre. Det var moro og inspirerande å jobbe saman igjen. Eg hadde tenkt å prøve ut ulike trykk-teknikkar, men slik gjekk det ikkje.. Eg dekkte stolpane med tapet og båten med krepp-papir, men tykte det blei so fint at eg ikkje ville trykke det likevel.. Eg dekkte resten av bildet med silkepapir, så til slutt blei det ein collage... Får prøve å lage eit bilde av trykk neste gong eg er i Sogndal :0)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar