tirsdag 16. november 2010

Utprøving med kullstift...

I dag prøvde eg for første gong å teikne med kullstift, og eg teikna det i A3 format... Det var veldig moro å prøve noko heilt nytt. Det første eg tenkte på var kor lett kullstiften var og kor lett den ga ifrå seg farge... Så til det negative :( Eg synest det var litt vanskeleg, for teikninga vart liksom "gneka" utover..  Når det gjeld barnehagebruk så syns eg dette må vere spennande for dei å prøve.. (Ha på dei målarfrakkar, la dei teikne og gni det utover og ha det moro)

RØDT....

I dag har eg måla bildet mitt i A4 størelse med akryl måling. Eg ville kun bruke ulike nyansar av Rødt, for å sjå korleis dette vart. Eg blanda rødt med kvitt og svart for å få til dette, og slik vart bildet til slutt...

onsdag 10. november 2010

Måling på lerret..

I kveld har eg måla "bildet mitt" på lerret. Eg måla med akryl-måling.. Lerrete som eg måla på var litt større enn A3. Eg valgte å ha bildet mitt i A3 slik at det blei ei ramme rundt... Vart ikkje fornøgd med sluttresultatet.. Kanskje nokon har gode tips til korleis eg kunne fått det finare(med den ramma rundt)...??


Dette er ein aktivitet som vi har gjort mykje av i barnehagen.. Barna får ofte måle med akryl-måling, og av og til får dei også måle på lerret.. Det er stor stas :0)

Måling med vannfargar...

Her har eg måla utsnittet mitt i A3 størrelse.. Eg valgte å bruke svake/duse fargar på halve bildet, og sterke/klare fargar på andre halva.. Dette for å sjå kva som passa best til bildet mitt... Eg synest den delen med dei sterkaste fargane vart finast.. Dette er ein aktivitet som passar godt for barnehagebarn..


På "formingsloftet"

Medan vi var i Sogndal samla vi oss ein gjeng på formingsloftet for å jobbe med oppgåvene våre. Det var moro og inspirerande å jobbe saman igjen. Eg hadde tenkt å prøve ut ulike trykk-teknikkar, men slik gjekk det ikkje.. Eg dekkte stolpane med tapet og båten med krepp-papir, men tykte det blei so fint at eg ikkje ville trykke det likevel.. Eg dekkte resten av bildet med silkepapir, så til slutt blei det ein collage... Får prøve å lage eit bilde av trykk neste gong eg er i Sogndal :0)