Så er det berre å brette opp ermane og jobbe vidare :0)
Eg er student ved høgskulen i Sogn og Fjordane, og går førskulelærar deltid på andre året. I år har vi fått eit nytt fag som heiter Forming, kunst og handverk. Dette her er ein logg som skal følgje dette faget. Loggen skal vere ein dokumentasjon av arbeidsprosessar, samstundes som den skal dokumentere tankar og idèar som eg får undervegs i arbeidet mitt.
torsdag 14. oktober 2010
Endeleg vidare :0)
Endeleg har eg klart å bestemme meg for kva kunstbilde eg skal bruke i oppgåva mi. Valget stod mellom bildet "Hip, Hip, Hurra, 1888" måla av Peder Severin Krøyer, og bildet "Fra en uthavn" måla av Harald Sohlberg. Eg har teinkna nokre utsnitt frå begge kunstbilda, og valget falt til slutt på bildet til Harald Sohlberg. Her ser dåkke bildet og to av utsnitta eg har teikna frå det...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ser ut som du har gjort en god jobb med skissene. Spennande å sjå kva du gjer vidare. Eg hadde blitt frista til å prøve akvarell med desse duse fargane. Lykke til kva du enn vel... :)
SvarSlett