onsdag 15. desember 2010

Paint !

No har eg endeleg fått somla meg til å prøve ut bildet mitt i paint... Eg skanna det inn på maskina, og trudde det skulle vere fort gjort å fylle inn fargane. Men så enkelt var det nok ikkje nei, så eg måtte fargelegge med musetasten.. Det vart ein meir tidkrevande jobb, men det var moro og. Å teikne med paint er absolutt noko som kan brukast i barnehagen. Då ville eg ha latt dei få teikna for fri hand og ikkje fargelegge eit ferdig bilde slik som eg gjorde..

tirsdag 16. november 2010

Utprøving med kullstift...

I dag prøvde eg for første gong å teikne med kullstift, og eg teikna det i A3 format... Det var veldig moro å prøve noko heilt nytt. Det første eg tenkte på var kor lett kullstiften var og kor lett den ga ifrå seg farge... Så til det negative :( Eg synest det var litt vanskeleg, for teikninga vart liksom "gneka" utover..  Når det gjeld barnehagebruk så syns eg dette må vere spennande for dei å prøve.. (Ha på dei målarfrakkar, la dei teikne og gni det utover og ha det moro)

RØDT....

I dag har eg måla bildet mitt i A4 størelse med akryl måling. Eg ville kun bruke ulike nyansar av Rødt, for å sjå korleis dette vart. Eg blanda rødt med kvitt og svart for å få til dette, og slik vart bildet til slutt...

onsdag 10. november 2010

Måling på lerret..

I kveld har eg måla "bildet mitt" på lerret. Eg måla med akryl-måling.. Lerrete som eg måla på var litt større enn A3. Eg valgte å ha bildet mitt i A3 slik at det blei ei ramme rundt... Vart ikkje fornøgd med sluttresultatet.. Kanskje nokon har gode tips til korleis eg kunne fått det finare(med den ramma rundt)...??


Dette er ein aktivitet som vi har gjort mykje av i barnehagen.. Barna får ofte måle med akryl-måling, og av og til får dei også måle på lerret.. Det er stor stas :0)

Måling med vannfargar...

Her har eg måla utsnittet mitt i A3 størrelse.. Eg valgte å bruke svake/duse fargar på halve bildet, og sterke/klare fargar på andre halva.. Dette for å sjå kva som passa best til bildet mitt... Eg synest den delen med dei sterkaste fargane vart finast.. Dette er ein aktivitet som passar godt for barnehagebarn..


På "formingsloftet"

Medan vi var i Sogndal samla vi oss ein gjeng på formingsloftet for å jobbe med oppgåvene våre. Det var moro og inspirerande å jobbe saman igjen. Eg hadde tenkt å prøve ut ulike trykk-teknikkar, men slik gjekk det ikkje.. Eg dekkte stolpane med tapet og båten med krepp-papir, men tykte det blei so fint at eg ikkje ville trykke det likevel.. Eg dekkte resten av bildet med silkepapir, så til slutt blei det ein collage... Får prøve å lage eit bilde av trykk neste gong eg er i Sogndal :0)

fredag 29. oktober 2010

Inspirert av Sigrid :0)

                             Måtte prøve dette etter å ha blitt inspirert av arbeidet til Sigrid...


Kvitt på svart!

Her har eg teikna bildet mitt med kvit blyant på eit svart A4 ark.. Dette er noko som kan vere moro å gjere med barna i barnehagen. Forandring fryder :0)

Collage!

I dag har eg prøvd meg på ein ny teknikk med bildet mitt. Eg laga ein collage i A3 størelse. Først reiv eg opp bitane på alt det blå. Det vart eg ikkje heilt fornøgd med, så på resten brukte eg saks. Dette vart tykte eg vart finare, så eg "flikka" litt på det blå heilt til slutt. Til slutt markerte eg strekane med sprittusj. Dette er ein aktivitet som eg synest passar best for dei største i barnehagen. (ein kan jo forenkle og legge til rette for at dei skal klare det :0)
                                             Her er bildet slik det vart til slutt....

tirsdag 26. oktober 2010

Analyse av bildet mitt...

Her er analysen eg har gjort av bildet mitt. Er veldig usikker på akkurat denne, så det skal bli godt med tilbakemelding snart...

mandag 25. oktober 2010

Leik med fargar.....

I dag har eg rett og slett berre leika med fargar i utsnittet mitt. Eg brukte sterke "knæsje" fargar for å ha det litt moro... Til slutt markerte eg rundt strekane med ein tynn sprittusj, som gjorde resultatet betre synest eg..... Eg synest dette var moro og dette er iallefall noko som blir mykje brukt rundt omkring i barnehagane...Aquarell derimot blir kanskje ikkje så enkelt i ein barnehage, men det kan no vere moro for dei største å prøve... Ofte er det faktisk vi voksne som set begrensingane for barna..

                                 Her er bildet før og etter at eg markerte strekane med sprittusj....

fredag 22. oktober 2010

HURRA!! Eg fekk det visst til likevel etter mykje trykking på alle knappar :0)


Her ser vi Sigrid i djup konsentrasjon med sitt utsnitt. Og nedanfor ser dåkke korleis mitt første møte med aquarell blei....

Problemer...

Eg hadde tenkt å legge ut bilder frå arbeidet mitt, men får det ikkje til lenger.. På sida her var der tidlegare eit teikn av eit bilde som eg kunne trykke på når eg skulle laste opp bilder, men det er no vekke... Er det nokon som har veit kva eg skal gjere???

"Kunstkveld" i Eikeneset

Torsdag 21.10.10 var eg på besøk hos Sigrid, der vi skulle jobbe med oppgåva vår.. Eg har bestemt meg for kva utsnitt eg skal bruke, og torsdag målte eg dette utsnittet i aquarell. Dette var heilt nytt for meg, og eg fekk mange gode tips frå Sigrid. Det var spennande å prøve noko nytt, sjølv om eg ikkje fekk det heilt til. Til og begynne med rann fargane litt for mykje utover, men etter kvart fekk eg det betre til og vart fornøgd med resultatet til slutt. Det var iallefall spennande å prøve ut ein ny teknikk.

onsdag 20. oktober 2010

Fleire utsnitt.




I dag har eg lage 4 nye utsnitt frå kunstbildet mitt. Dei to første utsnitta lagde eg i A4 størelse, som tok ganske lang tid.. Men etter å ha sett på bloggane til nokon frå klassen fekk eg tips om å lage utsnitta litt mindre.. Det har eg gjort i dag, så thank you :0)

torsdag 14. oktober 2010

Endeleg vidare :0)

Endeleg har eg klart å bestemme meg for kva kunstbilde eg skal bruke i oppgåva mi. Valget stod mellom bildet "Hip, Hip, Hurra, 1888" måla av Peder Severin Krøyer, og bildet "Fra en uthavn" måla av Harald Sohlberg. Eg har teinkna nokre utsnitt frå begge kunstbilda, og valget falt til slutt på bildet til Harald Sohlberg. Her ser dåkke bildet og to av utsnitta eg har teikna frå det...




Så er det berre å brette opp ermane og jobbe vidare :0)

onsdag 22. september 2010

Så er vi i gang :0)

I dag, onsdag 22. september fekk vi utdelt eksamensoppgåva vår..
Vi skal lage eit todimensjonalt arbeid med logg og portefølgje!
* Eg skal velje eit kunstbilete som eg skal arbeide med.
* Eg skal analysere biletetet.
* Eg skal ta minst to utsnitt av biletet.
* Så skal eg utforske og eksperimentere i ulike teknikkar(teikning, maling, collage, grafiske teknikkar osv).
* Resultatet skal ende i eit bilete i min A2 str.
* Skrive logg om arbeidet og refleksjonar og idear som eg får.