tirsdag 10. mai 2011

Siste tankar kring 3D prosjektet mitt....

Eg har no gjort ferdig det 3 dimmensjonale arbeidet mitt!!!!
Eg dekorerte maska først, før eg støypte den fast til rørstanga med gips...Dette lot eg tørke over natta.
Så fekk eg  bora hol i steinen som eg har funne til fot. Eg fyllte holet med gips og sette maska fast ned i. No ser eg meg ferdig med skulpturen min....... som vert å få sjå fredag 13.mai.

I følgje Rammeplanen(2006) skal  barnehagen gi barn moglegheit for å oppleve kunst og kultur og til sjølv å uttrykkje seg estetisk. Eg tenkjer at det kanskje kan vere litt vanskeleg for barna å uttrykkje seg estetisk i arbeidet med gips. Men dersom dei får bli kjent med og utforske materialet over tid, kan dei nok skape og utrykkje seg gjennom denne teknikken også. Dersom dei får litt hjelp og støtte under arbeidet (viser her til Bruners støttande stilas), kan barna få skape og uttrykkje seg sterkare gjennom dekoreringa av produktet. Her kan dei måle, lime på pynt og bruke fantasien sin... Eg synest iallefall at gips var eit spennande materiale å jobbe med...
The end !!!!

søndag 1. mai 2011

Dekorering og montering !!!

Då har eg dekorert maska med trådar, perler og auge...


No blir det spennande å sjå om eg klarar å montere ho. Her har eg prøvd å
gipse fast rørstonga til maska.. Vi kryssar fingarane for at den heng fint på i mårå :0)


lørdag 30. april 2011

Eg går for GULL !!!!

Har no bestemt meg for å gå for gull på heile maska mi. Etter diverse utprøvingar har eg funne ut kva tråd eg vil bruke og kva lim som var best. Tenkjer at ved å feste tråd og perler på maska brukar eg same teknikken som ved collagrafitrykk....
Har no funne ut korleis eg vil ha skulpturen min. Eg driv no og dekorerar maska mi. Eg har funne ein rørstubb, som eg har lagt gips på. Maska skal henge på den stanga som skal stå i ein naturstein. Steinen har eg også funne... Trur dette skal bli bra til slutt..


Her har eg teikna litt på maska for å sjå kvar eg skulle legge tråden.

Her er eg byrja å lime på.. Det var ein krevande jobb!

Så har eg lakka den i gull. Skal lime på nokre perler i morgon, og gulle den ein gong til...


Her er rørstonga som eg har lagt gips på og så lakka i gull...

Dekoreringa var ikkje så enkel. Måtte tilkalle hjelp, for eg hadde for få hender når eg skulle lime på trådane. Det var heller ikkje så enkelt å få til symmetri. Trøstar meg med at eit ansikt er vel ikkje alltid symmetrisk det heller...

søndag 3. april 2011

Fleire utprøvingar!

Har gjort noken fleire utprøvingar for å finne ut kva tråd og lim som er best. Eg har funne ut at det er best å bruke RX lim på tråden (pistol-lim blei ikkje fint) og pistol-lim på perlene.



Her har eg måla først med svart og spraya litt gull over....

Utprøving av dekorering!

Har prøvd meg på å dekorere halvmaska.
Halve sida målte eg med svart måling og spraya med litt gull over.
Den andre halva limte eg på garntråd og nokre pærler. Eg fann fort ut at garntråd blei litt  for tjukt, og det var ikkje så lurt å bruke raude tråd. Trudde gullsprayen ville dekke den skikkelig, men det gjorde den ikkje. Har og tenkt å finne noken andre perler!



Ka dåkke trur mine damer: Kan vi ha ei lita avstemming her ??? Kva var finast ??

Idèmyldringar!




lørdag 19. mars 2011

Forbetringar.....

Har no jobba litt for å få maska "glattare" så ikkje "nettingen" skulle syne. Eg tok litt vanleg gips og strauk utover med fingrane mine. Så tok eg vatn på fingarane mine og glatta ut. Det vart ikkje perfekt, men det vart iallefall mykje betre. No driv eg og spekulerar på korleis eg skal pynte den. Har prøvd ut litt, og teikna nokre skisser. Trur eg har ein plan :0)

Skal legge ved bilde når eg har fått testa litt "pynting"