Eg har no gjort ferdig det 3 dimmensjonale arbeidet mitt!!!!
Eg dekorerte maska først, før eg støypte den fast til rørstanga med gips...Dette lot eg tørke over natta.
Så fekk eg bora hol i steinen som eg har funne til fot. Eg fyllte holet med gips og sette maska fast ned i. No ser eg meg ferdig med skulpturen min....... som vert å få sjå fredag 13.mai.
I følgje Rammeplanen(2006) skal barnehagen gi barn moglegheit for å oppleve kunst og kultur og til sjølv å uttrykkje seg estetisk. Eg tenkjer at det kanskje kan vere litt vanskeleg for barna å uttrykkje seg estetisk i arbeidet med gips. Men dersom dei får bli kjent med og utforske materialet over tid, kan dei nok skape og utrykkje seg gjennom denne teknikken også. Dersom dei får litt hjelp og støtte under arbeidet (viser her til Bruners støttande stilas), kan barna få skape og uttrykkje seg sterkare gjennom dekoreringa av produktet. Her kan dei måle, lime på pynt og bruke fantasien sin... Eg synest iallefall at gips var eit spennande materiale å jobbe med...
The end !!!!
Eg er student ved høgskulen i Sogn og Fjordane, og går førskulelærar deltid på andre året. I år har vi fått eit nytt fag som heiter Forming, kunst og handverk. Dette her er ein logg som skal følgje dette faget. Loggen skal vere ein dokumentasjon av arbeidsprosessar, samstundes som den skal dokumentere tankar og idèar som eg får undervegs i arbeidet mitt.
tirsdag 10. mai 2011
søndag 1. mai 2011
Dekorering og montering !!!
Då har eg dekorert maska med trådar, perler og auge...
No blir det spennande å sjå om eg klarar å montere ho. Her har eg prøvd å
gipse fast rørstonga til maska.. Vi kryssar fingarane for at den heng fint på i mårå :0)
Abonner på:
Innlegg (Atom)