lørdag 15. januar 2011

Leik på formingsloftet :0)

Onsdag 12. januar samla vi oss ein gjeng på formingsloftet på Foss... Det er svært inspirerande å jobbe så mange saman, der vi hentar idêar og tips frå kvarandre.
 Eg ville jobbe med ulike trykkteknikkar denne gongen. Først ut var å prøve Collagrafitrykk. Først festa eg eit stoff (broderings-stoff??) på enkelte detaljar på bildet.. Så markerte eg enkelte detaljar med tråd. Deretter målte eg med pensel direkte på det eg hadde lima på..
Så tok eg ein ny farge - grønn - som eg rulla på med ei "kjevle".
Så prøvde eg å trykke grønt oppå eit gult trykk som eg hadde gjort først.
Deretter trykte med grønt trykk på eit raudt ark. Dette for å få fram kontrasten mellom rødt og grønt som er eit komplimentærfargepar.


No ville eg trykke med lilla på gult, som også er komplimentærfarge par. Eg prøvde å gjere rein trykkplata mi og fann fram lillafargen.. Det vart litt for mykje lilla som gjorde bildet for mørkt tykte eg.


Til slutt ville eg prøve ein trykkteknikk som heiter Monotypi.. Då teikna eg utsnittet mitt direkte på glassplata.
Og eit trykk på raudt ark for å få fram komplimentærkontrasten..


Ein flott kveld saman med ein god gjeng der eg fekk prøvd meg ut i trykkteknikk og fargar !

fredag 14. januar 2011

Nytt påfyll med inspirasjon i Sogndal :0)

Denne gongen skulle vi lage eit 3 dimm arbeid. Vi fekk i oppgåve med Hege og lage hattar.. Vi hadde ei skikkeleg fin stund saman, og det var ikkje vanskeleg å få inspirasjon i lag med denne kreative gjengen :0) Dette er ei oppgåve som eg tenkjer kan vere spennande å gjere i lag med dei eldste barna i barnehagen.. Eg trur dei ville likt å fått prøve seg på noko som dette!! 

Her har eg lagt ved bilder av dei to hattane eg lagde.. Berre ring om de vil låne dei for ei spesiell anledning :0)