Måtte prøve dette etter å ha blitt inspirert av arbeidet til Sigrid...
Eg er student ved høgskulen i Sogn og Fjordane, og går førskulelærar deltid på andre året. I år har vi fått eit nytt fag som heiter Forming, kunst og handverk. Dette her er ein logg som skal følgje dette faget. Loggen skal vere ein dokumentasjon av arbeidsprosessar, samstundes som den skal dokumentere tankar og idèar som eg får undervegs i arbeidet mitt.
fredag 29. oktober 2010
Kvitt på svart!
Her har eg teikna bildet mitt med kvit blyant på eit svart A4 ark.. Dette er noko som kan vere moro å gjere med barna i barnehagen. Forandring fryder :0)
Collage!
I dag har eg prøvd meg på ein ny teknikk med bildet mitt. Eg laga ein collage i A3 størelse. Først reiv eg opp bitane på alt det blå. Det vart eg ikkje heilt fornøgd med, så på resten brukte eg saks. Dette vart tykte eg vart finare, så eg "flikka" litt på det blå heilt til slutt. Til slutt markerte eg strekane med sprittusj. Dette er ein aktivitet som eg synest passar best for dei største i barnehagen. (ein kan jo forenkle og legge til rette for at dei skal klare det :0)
Her er bildet slik det vart til slutt....
Her er bildet slik det vart til slutt....
tirsdag 26. oktober 2010
Analyse av bildet mitt...
Her er analysen eg har gjort av bildet mitt. Er veldig usikker på akkurat denne, så det skal bli godt med tilbakemelding snart...
mandag 25. oktober 2010
Leik med fargar.....
I dag har eg rett og slett berre leika med fargar i utsnittet mitt. Eg brukte sterke "knæsje" fargar for å ha det litt moro... Til slutt markerte eg rundt strekane med ein tynn sprittusj, som gjorde resultatet betre synest eg..... Eg synest dette var moro og dette er iallefall noko som blir mykje brukt rundt omkring i barnehagane...Aquarell derimot blir kanskje ikkje så enkelt i ein barnehage, men det kan no vere moro for dei største å prøve... Ofte er det faktisk vi voksne som set begrensingane for barna..
Her er bildet før og etter at eg markerte strekane med sprittusj....
Her er bildet før og etter at eg markerte strekane med sprittusj....
fredag 22. oktober 2010
Problemer...
Eg hadde tenkt å legge ut bilder frå arbeidet mitt, men får det ikkje til lenger.. På sida her var der tidlegare eit teikn av eit bilde som eg kunne trykke på når eg skulle laste opp bilder, men det er no vekke... Er det nokon som har veit kva eg skal gjere???
"Kunstkveld" i Eikeneset
Torsdag 21.10.10 var eg på besøk hos Sigrid, der vi skulle jobbe med oppgåva vår.. Eg har bestemt meg for kva utsnitt eg skal bruke, og torsdag målte eg dette utsnittet i aquarell. Dette var heilt nytt for meg, og eg fekk mange gode tips frå Sigrid. Det var spennande å prøve noko nytt, sjølv om eg ikkje fekk det heilt til. Til og begynne med rann fargane litt for mykje utover, men etter kvart fekk eg det betre til og vart fornøgd med resultatet til slutt. Det var iallefall spennande å prøve ut ein ny teknikk.
onsdag 20. oktober 2010
Fleire utsnitt.
I dag har eg lage 4 nye utsnitt frå kunstbildet mitt. Dei to første utsnitta lagde eg i A4 størelse, som tok ganske lang tid.. Men etter å ha sett på bloggane til nokon frå klassen fekk eg tips om å lage utsnitta litt mindre.. Det har eg gjort i dag, så thank you :0)
torsdag 14. oktober 2010
Endeleg vidare :0)
Endeleg har eg klart å bestemme meg for kva kunstbilde eg skal bruke i oppgåva mi. Valget stod mellom bildet "Hip, Hip, Hurra, 1888" måla av Peder Severin Krøyer, og bildet "Fra en uthavn" måla av Harald Sohlberg. Eg har teinkna nokre utsnitt frå begge kunstbilda, og valget falt til slutt på bildet til Harald Sohlberg. Her ser dåkke bildet og to av utsnitta eg har teikna frå det...
Så er det berre å brette opp ermane og jobbe vidare :0)
Abonner på:
Innlegg (Atom)